Nei, i Hardanger manglar ingenting.
Midt i eit matfat kven som helst kan misunna, omkransa av landets tøffaste natur. Her er alt, tenkte me. Men, det var noko folket sakna. Eit ekte, ærleg og lokalt Hardanger-øl. Utan dilldall. Noko me kan kosa oss med og sladra saman om. Noko me kan vera stolte av saman og samlast om, når me synest me har fortent det. Det heiter vel ikkje «fyrst yta, so nyta» utan grunn?

2020 vart byrjinga på eit vakkert eventyr på Vestlandet, med bryggjarar som hadde ein felles draum om å laga og tilby godt, lokalt øl som råkar sjela til hardingen. Bryggja av friskt fjellvatn og gode råvarer – heilt utan usmak.

Me håpar ølet fell i smak.

Kvalitet ...
Då Stig Lundblad-Sandbakk – ein musikar frå Sunnmøre – vann hjartet til ei ekte hardingtaus, fann han samstundes vegen til bygda Øystese i Hardanger. Med flyttinga til Hardanger kom draumen om å starta eit lokalt bryggeri. Fleire hardingar kom til, og saman med Stig grunnla dei Hardanger Bryggeri – eit bryggeri med sterk kjærleik til både Hardanger og øl.

For å sikra kvaliteten på ølet nyttar me kompetansen til gode vener frå andre bryggeri landet rundt. Vårt øl skal kunna nytast i dei fleste høve, med måte. Ikkje noko jåleøl, berre god smak som speglar den friske og reine naturen i Hardanger. Eit øl skapt av eldsjeler med lidenskap, heilt utan usmak.
utan usmak
Velkomen til ...
Rett ved den ville Øysteseelvi finn du Mathuset i Hardanger, der Hardanger Bryggeri og Hardanger Bygdeysteri held til. Lokalet har lang tradisjon for produksjon av meieriprodukt. Her vart laga gamalost til langt inn på 90-talet, og kremost heilt til 2019. I dag er det andre produkt som ser dagens lys i Mathuset, men dei er like fullt veleigna til å setja på bordet når du får besøk.

Eit fellesskap av gardbrukarar i Kvam gjekk saman om å kjøpa Mathuset. Her skal det utviklast eit lokalt senter for produksjon og distribusjon av lokale matskattar, med smaksrom, visning og presentasjon av produsentane. Her kan både tilreisande og lokale hardingar verta betre kjende med oss og alt det gode me kan tilby. Me gler oss til å sjå deg i Mathuset!
Mathuset
Trollbunden ...

Ved den vakre fjorden vart det utvikla ei sterk kjensle av fellesskap for den lokale kulturen, det unike lokale matfatet, og bryggjarkunsten. Det gjekk ikkje lenge før Stig kjende seg som ein ekte harding sjølv. Som hardingar flest ynskte han å bidra til å byggje stoltheit for Hardanger, på sin eigen måte, med sin eigen lidenskap: Øl.

Øl med rikeleg med gode smakar og djupe røter til dei klassiske ølstilane. Noko som er lett å nyta. Maltdrivne, balanserte og lettdrikkelege — for hardingar flest. Eit godt, lokalt hardingøl utan dilldall som kan nytast både av tilreisande og alle dei fine folka som bur her.

av Hardanger