Gaukepils
330 ML / 4,7% (kl. D)

Gaukepilsen er ein klassisk pilsner brygga med tsjekkisk saaz-humle. Den har ein avbalansert bitterhet, og er frisk og lett som ein god pilsner skal vere. Avslappende kos - heilt utan usmak.

Gaukepilsen markerer lanseringa av merkevara Hardanger Bryggeri. Namnet Gaukepils spelar på at den er ein leigeproduksjon, frå våre gode vener i Arendals Bryggeri; eit gaukebrygg.

Ingrediensar: Vatn, malta bygg, humle

Næringsinnhald pr. 100 ml

Energi: 36 kcal, Fett: 0 g. Av dette metta fettsyrer: 0 g. Karbohydratar 3 g. Av dette sukkerartar: <0,3 g. Protein 0 g. Salt: 0 g.

Glime, Hardanger Blonde Ale
Glutenfri / 330 ML / 4,7 % (kl. D)

Glime er ein blendande ljos ale der byggmalt og friskt vatn spelar hovudrolla. Glutenet i dette ølet er brote ned, utan at det går utover smaken. Glime er eit ljost og fruktig fylgje til sjømat, salatar, gode ostar og godt lag.

For å sikra kvaliteten på ølet nyttar me kompetansen til gode vener frå andre bryggeri landet rundt. Vårt øl skal kunna nytast i dei fleste høve, med måte. Ikkje noko jåleøl, berre god smak som speglar den friske og reine naturen i Hardanger. Bryggja av eldsjeler med hjarte for godt øl. Heilt utan usmak.

Ingrediensar: Vatn, malta bygg, humle

Næringsinnhald pr. 100 ml

Energi: 36 kcal, Fett: 0 g. Av dette metta fettsyrer: 0 g. Karbohydratar 3 g. Av dette sukkerartar: <0,3 g. Protein 0 g. Salt: 0 g.

Heimhug, Hardanger svart lager
440 ML / 4,7 % (kl. D)

Horðar, av «Haruðóz» som tyder krigar, var ei germansk stamme som slo seg ned i Hardanger kring år 500 og grunnla Horðaland. Saman med våre gode vikingvener i Enslaved har me bryggja eit mørkt, lettdrikkeleg øl inspirert av Harudane og vestnorsk progressiv metal.

Vårt øl skal kunna nytast i dei fleste høve, med måte. Ikkje noko jåleøl, berre god smak som speglar den friske og reine naturen i Hardanger. Eit øl skapt av eldsjeler med lidenskap, heilt utan usmak.

Det luktar av kråom
Det smakar av krokom
Lat att augo og kjenn stormen ri!

Når sinnet vert kalka
Blir sjela di fri
Lat minna leia deg ut i natta!

Over stokk og gjennom stein
Elva finn alltid sitt leie
Ein nektar frå Harudanes land!

Ingrediensar: Vatn, malta bygg, humle, gjær

Næringsinnhald pr. 100 ml

Energi: 36 kcal, Fett: 0 g. Av dette metta fettsyrer: 0 g. Karbohydratar 3 g. Av dette sukkerartar: <0,3 g. Protein 0 g. Salt: 0 g.